Back to All Events

NRK EKKO - Korleis skal vi bu i 2050?

Kilometerlange flaumveggar rundt byane våre og fråflytta bygder? Noreg blir varmare, våtare og villare. Havet stig og fjellet rasar. Kor kan vi bygge ein trygg heim i 2050? Saman med gjestane våre skal vi skissere problema og kome med konkrete forslag til løysingar. 

Kikki Kleiven er klimaforskar og direktør ved Bjerknessenteret for klimaforskning.

Matilde Angeltveit er klimaaktivist og har vore ungdomsdelegat på fleire klimatoppmøte, der ho har møtt andre unge som allereie har måtte forlate heimane sine på grunn av klima. 

Hugo Kind er klimatilpassingskoordinator i Stavanger Kommune, som er Noregs aller mest klimatilpassa kommune. 

Om Ekko:
Ekko er eit samfunns- og vitskapsprogram som du kan høyre på NRK P2 frå måndag til torsdag klokka 09-11, og som podkast i appen NRK Radio. Vi gir deg historier frå norsk verkelegheit, slik at du forstår meir av dei store samanhengane. 

Gjester:
Matilde Angeltveit, rådgiver i Kirkens Nødhjelp
Hugo Kind, koordinator for klimatilpasning i Stavanger Kommune
Kikki Kleiven, direktør ved Bjerknessenteret for Klimaforskning

Samtaleleder: Martha Våge, programleder i EKKO

Previous
Previous
13 March

Mer enn bare bøker: Litteratur som klimaaktivisme

Next
Next
13 March

Gruppeterapi for klima med skravleklassen og arbeiderklassen