Back to All Events

Grøn industriell symbiose

  • Galleriet, Kulturhuset i Bergen (map)

Grøn industriell symbiose - erfaringar frå Danmark og Noreg

Grøn region Vestland inviterer folk frå bedriftene ute i dei grøne hubbane i Vestland, våre hub-kontaktar og andre gode hjelparar og interesserte i det grøne skiftet i Vestland til hubsamling under festivalen Varmere Våtere Villere - i samarbeid med Danmarks ambassade i Noreg og rådgivningsselskapet COWI.

Hovudtemaet for dagen blir:
Grøn industriell symbiose - erfaringar frå Danmark og Noreg

Det blir eit todelt program, der du på dagtid kan få vere med på å lære frå nokon som har jobba med grøn omstilling i industrien i mange år. På kveldstid vert det eit arrangement med eit meir sosialt preg med mat, mingling og ein paneldiskusjon om temaet "Frå sløysing til klimaløysing?".
Les mer om programmet på kveldstid her.

Programmet på Kulturhuset i Bergen, kl. 12.00 - 16.00

  • Velkomst ved handelssjef Ninna Katrine Sanden på Danmarks Ambassade, og Heidi Synnøve Gaustad, prosjektleiar i Grøn region Vestland

  • Fylkesordførar Jon Askeland om ambisjonane i Grøn region Vestland og bygging av verdsleiande grøne hubbar gjennom industriell symbiose

  • Erfaringar og læring frå GreenLab Skive v/Jakob Hebsgaard Mogensen og Kalundborg Symbiose v/Lisbeth Randers

  • Paneldiskusjon med norske og danske aktørar om kordan grøn industriell symbiose er ein del av det grøne skiftet

I panelet:

- Jakob Hebsgaard Mogensen, GreenLab Skive
- Lisbeth Randers, Kalundborg Symbiose
- Ulrikke Voltervik Hernes, Voss Biopark
- Ronny Haufe, CCB Energy / Energiparken
- Ola Sæter, Hydro (TBC)
- Bård Sandal, Avdelingsdirektør for Næring, Plan og Innovasjon, Vestland Fylkeskommune
- Jens Petter Johansen, seniorrådgiver, NVE
- Camilla Brox, Norsk Senter for Sirkulærøkonomi (TBC)

Debattleiar Anders Waage Nilsen, bærekraftsdirektør, COWI Norge.

Arrangementet er gratis.

Previous
Previous
14 March

Kunstutstilling: Earthworks

Next
Next
14 March

Matchmaking for studenter og virksomheter